Kjell Andreas Oddekalv // Side Brok - Høge Brelle – NABOK017


Pris:
Salgspris200,00 kr

Beskrivelse

KJELL ANDREAS ODDEKALV // SIDE BROK – HØGE BRELLE
Noreg var på ingen måte førebudd då Side Brok først rollja ned glaset og drive-by-spytta sjelegranskande naturskildringar, syretrippar sett frå sykkelsetet, treffande personkarakteristikkar av fiktive figurar, og sosialantropologiske skildringar/hyllestar av den sunnmørske rånaren. Høge Brelle var eit lokalt situert musikkverk med eit globalt musikkuttrykk som fekk nasjonalt nedslag, og står igjen no, nesten tjue år seinare, som eit heilt sentralt verk i den norske hiphop-kanonen. Denne boka tek for seg Høge Brelle som kunstverk – bade musikalsk og tekstleg – fortalt frå ståstaden (eller vel så ofte sitte- eller liggestaden) til ein som var der (og med der så meinar vi slutten av tenåra/byrjinga av tjueåra på Søre sunnmøre – gjerne på Side Brok-konsert på Rust i Ørsta). 

 

Kjell Andreas Oddekalv (f. 1985) er musikkvitar, musikkforskar, musikar og musikkentusiast. Han har snart ein PhD om rap-flows, og er utøvande hiphoppar i Oslo-kollektivet Sinsenfist.

Du liker kanskje også...

Recently viewed